Naudsituasjonar utanom arbeidstid
I prekære naudsituasjonar utanom arbeidstid, dvs etter kl. 16.00 på kvardagar, i helger og på helgedagar, kan du, i tilfeller der du ikkje kan vente til ambassaden opnar, ringje naudnummer +47 239 513 00.
Tjuveri
Om du blir fråstolen pass eller andre verdisaker er det viktig å melde frå til politi og forsikringsselskap. På politistasjonen Jungmannovo náměstí 9, like ved Václavské náměstí, er der som regel engelsktalande tolkar.
Sentralnr. politiet.: (+420) 974 821 111
Politistasjonen Jungmanovo nam. 9: tlf: (+420) 974 851 750 el. 224 222 316
Forsikringsselskapet vil kunne hjelpe deg vidare.
Mistet kredittkort
For å hindre at nokon brukar det stolne kortet er det viktig å stenge det så fort som råd. Bankenes meldingstjeneste har ei felles sperreteneste for alle norske bankar og er open heile døgnet. Bankenes Meldingstjeneste + 47 22 21 40 55.
Pass
Fra 2008 trenger du ikke lenger gyldig pass for å reise til og fra Tsjekkia. Pass anbefales imidlertid, ettersom det er det eneste norske identitetsbevis som bl.a. tsjekkiske myndigheter og en rekke av flyselskapene med ruter til/fra Tsjekkia godkjenner. Ambassaden er åpen mandag –fredag, 9.00-16.00, og vil eventuelt kunne hjelpe deg med et einveis reisedokument om det ikke er annen utvei.
Meir om pass
Pengar
Den vanlegaste måten å overføre pengar frå Noreg er gjennom bank. Du kan òg bruke Western Union. Dei har mange kontor i Praha, mellom anna kan du bruke postkontora.
Meir om pengaroverføring
I heilt særskilde høver, der ingen anna form for pengeoverføring er mogleg, kan ein overføre pengar frå Noreg gjennom UD og ambassaden, eller, som ein siste utveg kan ambassaden gje eit naudlån. Båe ytingar dekker berre det mest naudsynte og heimreise ved første høve er ein føresetnad. Mottakar betalar eit gebyr på 10 prosent i tillegg til telefonutgifter.
Ein kan ikkje overføre pengar via ambassaden til andre formål, som til dømes ferie eller utbetaling av sosial stønad. Ambassaden dekkjer heller ikkje utlegg til hotell, lege eller juridisk bistand. For å få naudlån må du vere fast busett i Noreg og ha inntekt der. Om naudlån ikkje vert tilbakebetalt ved heimkomst, vil skattemyndighetene trekkje tilsvarande i lønn, pensjon eller trygd.
Sjukdom
I fall du vert akutt sjuk eller er utsett for ei ulukke, er naudnummeret: 112
Ta kontakt med reiseforsikringsselskapet ditt for vidare hjelp.
Som norsk borgar har du rett til pleie på tsjekkiske sjukehus, det er difor viktig at du har med deg Europeisk helsetrygdkort som stadfestar denne retten. Kortet får du på det lokale trygdekontoret i Noreg. Vi råder alle reisande til utlandet å teikne eiga reise- og sjukeforsikring før utreise. Det gjeld òg reiser til EØS-land, m.a. fordi slik forsikring òg dekkjer sjuketransport heim.
For nærare opplysningar om rettar ved sjukdom i utlandet kan du kontakte NAV Servicesenter: tel: +47 800 33 166, 08.00 - 18.00, post@nav.no
Alarmtelefon forsikringsselskap:
Gjensidige og andre forsikringsselskap: SOS-international A/S Tel.:+45 70 10 50 50
Europeiske Reiseforsikring: Tel.: +47 815 33 121, ev.: +45 70 15 25 00
Meir om reiseforsikring
Naudnr. i Tsjekkia:
SOS Tlf. 112
Alternativt:
Ambulanse Tlf. 155
Brann Tlf. 150
Politi Tlf. 158
Bypoliti Tlf. 156
Bilulukke Tlf. 154